top of page

Røyster i hundre

7.mai 2013

@LITTERATURHUSET

Framsyninga var koret sitt bidrag til markeringa av hundreårsjubileet for stemmerett for kvinner i Noreg, og framsyninga var sett saman av verk med tekstar av kvinner, tonesette av kvinner. Framsyninga var ein tverrkunstnarleg produksjon som mellom anna inneheldt element av song, dans, filmframsyning, dramatisering og instrumentell framføring. 

 

Koret hadde med seg to eksterne profesjonelle aktørar, nemleg Elise Varne (song) og Silje Midtbø Vevle (fele; saman med Volve Vokal-medlemmen Una O’Keeffe utgjer Midtbø Vevle folkemusikkduoen Simra). 

 

Koret drog som vanleg òg nytte av ressursar frå eigne rekkjer. Regissør og dramapedagog Hild Cecilie Vang stod for regien, dansar Ine

Terese Hogstad bidrog med dans og
koreografi. Dokumentarfilmskapar Kari Klyve-Gulbrandsen laga film til stykket Miserere av Eva Ugalde, og Amalie Solberg måla kvinneportrettet som pryda programmet. 
Asbjørn Ellingsen 
var teknikar under framsyninga.

 

"Røyster i hundre"

Litteraturhuset i Bergen, Nordnes Bydelshus, Haugesund rådhus,

Selbjørn skule [2013]

Illustrasjon: Amalie Solberg

bottom of page