top of page

Musikk

Volve Vokal har som mål å vere nyskapande på høgt kunstnarleg nivå. Repertoaret er variert, men med ny, norsk vokalmusikk som satsingsområde.

 Ein viktig visjon for ensemblet er å arbeide med å gjere samtidsmusikken meir tilgjengeleg, då særskild gjennom å nytte ulike kunstuttrykk i musikkformidlinga, og å gje tilskodarane heilskaplege konsertopplevingar.

Ensemblet freistar å utforske korkonsertsjangeren og tilføre kormiljøet nye impulsar.

Ensemblet gav hausten 2016 ut EP'en 'Eingong'. 

Hausten 2016 gav Volve Vokal ut EPen ‘Eingong’, ein innspeling beståande av fem samtidsstykkar for kvinnestemmer som utforskar håp, fortviling og tilknyting.

 

Tittelsporet er komponert av Knut Nystedt over diktet ‘Eingong’ av Åse-Marie Nesse frå diktsamlinga ‘Levande tid’ (1989). Det grunnleggjande håpefulle diktet uttrykker ein sterk framtidsoptimisme: Ein veldig kraft skal tenne ei lykt for vår fot; og fikentreet som ikkje lenger ber frukter skal drukne i kjærteikn og dogg; Eingong skal vi bli søsken av regnet og rosa; og bli for kvarandre den nye dag.

 

Innspelt i Eidsvåg kirke og Broen studio.

Eingong

Eingong

Eingong

Eingong

I 2021 gav Volve Vokal ut EP’en ‘Deilig er den himmel blå’, ein innspeling beståande av norske, britiske og latviske joletonar i ny og tradisjonell drakt.

 

Ein mindre kjend versjon av den folkekjære jolesongen ‘Mitt hjerte alltid vanker’ fra Todalen opnar innspelinga, etterfølgt av Benjamin Brittens klassikar ‘This Little Babe’ som framføres i arrangement for seks kvinnestemmer skrevet av Gro Espedal. Den tradisjonelle latviske jolesongen ‘Sudrabiņa lietiņš lija’ (som betyr ‘sjå sølvregnet falle’) framføres etter arrangement av Selga Mence og den norske folketonen ‘Kling no klokka’ etter arrangement av Egil Hovland. Tittelsporet er komponert av den Bergensbaserte komponisten Irene Adolfsen Wenæs, som har skrevet ein ny komposisjon til Volve Vokal over salmen ‘Deilig er den himmel blå’.  

Deilig er den himmel blå

Deilig er den himmel blå

Eingong

Eingong

bottom of page