top of page

Menneske-landskap

18. okt 2015

@TÅRNSALEN

Nystedts vokalkomposisjonar har vore til stade i Volve Vokals repertoar sidan ensemblet vart starta i 2006.
Gjennomgåande i hans musikk er 
eksepsjonelt godt komposisjonsteknisk handverk, kreativ bruk av tekst og spanande moglegheiter for tolking.
Å arbeide med Nystedt er utfordrande, 
inspirerande og 
utviklande, og har på mange måtar bidrege til å forme Volve 
Vokals kunstnarlege profil.

 

Volve Vokal ynskja difor å heidre Knut Nystedts liv og virke med framsyninga

Menneskelandskap. I framsyninga vart det valgt ut repertoar som har vore med ensemblet sidan starten, men òg nye,

uinnspelte og meir ukjende verk.

​

Tittelen på framsyninga var frå verket hans 'Menneskelandskap', skrive til Rygge Pikekor i 1991.

​

I Menneskelandskap ynskja ensemblet, i Nystedts and, å nytte teknologiske nyvinningar i utforskinga av konsertformatet, med utgangspunkt i vår eigne særeigne stil. Me hadde difor med oss multimedia-kunstnar Egil Paulsen på prosjektet. 

​

​

Foto: Elise Årdal

​

 

​

"Menneskelandskap"

Tårnsalen, KODE 4  - Lysverket [18. okt 2015]
Foto: Elise Årdal

bottom of page