top of page
VolveLogo.jpg

Vil du synge i eit av Noregs mest spennande kor?​​
 

Volve Vokal er eit vokalensemble som består av kvinner i alderen 18-38 år. Vi har som ambisjon å vera nyskapande på høgt kunstnarleg nivå, både musikalsk og visuelt. Vi utarbeidar stadig nye, spanande planar, og ynskjer oss fleire stemmer med på laget for å kunne gjennomføre disse på best mogleg måte.

 

Vi held opptak ved start av kvart semester, i januar og august.

Det blir annonsert på Facebook.

Ta kontakt på post@volvevokal.no eller send oss ei melding på Facebook dersom du er interessert. 


Til vanleg øver vi tirsdager 19-21.30 på Ny-Krohnborg kultursenter. 

KVA BØR DU SKRIVE? 
 

Vi ynsker gjerne at du skriv litt om deg sjølv, di sang/kor/scene-erfaring, kva stemmegruppe du tidligare har sunge og kva opptaksdag som passar best for deg. Du treng ikkje forberede noko spesielt til opptaket, men syng gjerne litt i forkant.

I tillegg til songdelen vil det òg bli ei samtale med ein representant frå styret. 

OPPTAKSINFORMASJON
 

Vi held dessverre ikkje opptak midt i semesteret. Neste moglegheit for opptak vil være ved neste ordinære opptak.

 

Send oss gjerne ei melding ved interesse.

bottom of page