Volve Vokal er eit vokalensemble for kvinnestemmer som held til i Bergen. Vi har som mål å vere nyskapande på høgt kunstnarisk nivå. Vi søkjer stadig å utvide det visuelt-musikalske spelerommet innafor korsjangeren og fremje ny norsk vokalmusikk for kvinnestemmer. Ein viktig visjon for ensemblet er å arbeide med å gjere samtidsmusikken meir tilgjengeleg, då særskild gjennom å nytte ulike kunstuttrykk i musikkformidlinga, og å gje tilskodarane heilskaplege konsertopplevingar. Ensemblet freistar å utforske korkonsertsjangeren og tilføre kormiljøet nye impulsar. Ensemblet blei stifta 19. september 2006 etter en idé og på initiativ av Gro Espedal.

Thea Meidell Sjule -
kunstnarleg leiar
Thea Meidell Sjule er dirigent og kunstnarleg leiar i Volve Vokal. Sjule har musikkpedagogisk utdanning frå Høgskolen i Bergen og Volda og har direksjonsstudier frå konservatoriet i Tromsø.
Sentralt i Sjules arbeid står eit ynskje om å kuratere helkunstopplevinger med kormusikk i sentrum. Sjule har arrangert, komponert og utvikla fleire konsepter og forestillinger for og saman med Volve Vokal i si tid som kunstnarleg leiar, ofte med det kollektive eksperimentet og improvisasjon som utgangspunkt.
Sjule har vore tilsett i ensemblet sidan høsten 2014.

Hild C. Vang - scenisk-visuell leiar
Vang er scenekunstnar og kunstpedagog, utdanna frå Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen.
Ho har medverka i flere sceneproduksjonar og har regissert ei rekkje framsyningar, inkludert de fleste av Volve Vokal sine produksjoner.
Vangs teaterestetikk finn seg i krysninga mellom det fysisk-visuelle og det lydleg-musikalske. Ho jobbar ofte med teknologiske element og opererer primært innafor eit performativt dramaturgisk landskap.