


Gro Espedal
dirigent
Espedal er dirigent, musikkpedagog og lærarutdannar, utdannet frå Høgskolen i Bergen, Griegakademiet, UiB og NTNU. Ved sida av arbeidet som dirigent i Volve Vokal arbeider Espedal som førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet. I korarbeidet er ho særskild oppteken av klang og potensialet som ligg i koristane sine stemmer, og legg stor vekt på myndiggjering av ensemblet. Saman med Volve Vokal ynskjer ho å utforske koret som form eller sjanger og eksperimentere med korkonserten sine moglegheiter.

Thea Meidell Sjule
dirigent
Sjule har musikkpedagogisk utdanning frå Høgskolen i Bergen og Volda og har nyleg fullført direksjonsstudier ved konservatoriet i Tromsø. Ho er for tida tilsett som dirigent i Bergen Kulturskole, og i fleire barne- og vaksenkor i Bergensområdet. Sentralt i Sjules arbeid står eit ynskje om å sjølvstendiggjere songaren og gruppa, for å skape overskot til å ikkje berre framføre, men òg formidle musikken.

Hild Cecilie L. Vang
scenisk-visuell leiar
Vang er scenekunstnar og kunstpedagog, utdanna frå Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen. Ho har medverka i flere sceneproduksjonar og har regissert ei rekkje framsyningar, inkludert de fleste av Volve Vokal sine produksjoner. Vangs teaterestetikk finn seg i krysninga mellom det fysisk-visuelle og det lydleg-musikalske. Ho jobbar ofte med teknologiske element og opererer primært innafor eit performativt dramaturgisk landskap.
