top of page

la. 20. juni

|

Fana Amfiscene

Sommarkonsert med Volve Vokal

Volve Vokal avsluttar eit uvanleg stille halvår med gode lydar!

Registreringa er lukka.
Se andre arrangementer
Sommarkonsert med Volve Vokal

Vel tidspunkt

20. juni 2020, 14:00

Fana Amfiscene, Fanafjellsvegen 10, 5244 Fana, Norge

Om konserten

Vi inviterer til ein uhøgtideleg sommarkonsert, ute i naturskjønne omgivnader på Fana Amfiscene, i Fana Kulturpark. 

Vi serverer eit variert volverepertoar i form av folketonar, årets Voluspá-prosjekt, gamle kjenningar og nokre nye godbitar; alt til ønska pris. Konserten er i utgangspunktet gratis, men vi må be deg bestille ein gratis billett, for å kontrollere antall publikummarar og for kontaktinfo ved eventuell smittesporing.

Frivillige donasjonar gjennom VIPPS #58255, vert vi likevel utruleg glade for.   

Innslepp frå kl. 13.00. Konsertstart ca 14.00. 

Møt opp i god tid, da det vil ta ekstra tid å plassere publikum, av omsyn til smittervern. 

Om du vert syk, med symptom på Covid-19 beskriven som hos FHI.no, ber vi deg avstå frå konserten.  

Det er begrensa med kollektiv transport til Fana Kulturpark.  

Vi oppmodar om å nytte desse rutane: 

Frå Busstasjonen:

Kl. 13.20 buss 67 Nordås-Søråshøgda til Lagunen, bytt til buss 61 Krokeide ved Terminal D, gå av ved Fana kirke. (Beste rute) Kl. 13.30 buss 530 Austevoll, gå av ved Fana kirke. (Litt knapp tid)  

Frå Nygård: (I perioden 13.jun-9.aug. er Nygård næraste bybanestopp til sentrum) 

Kl. 13.06 Bybanen til Lagunen, bytt til Buss 61 Krokeide ved terminal D, gå av ved Fana Kirke (Tregaste rute frå sentrum)  

Frå Lagunen:

Kl 13.40 buss 61 Krokeide til Fana kirke.   

Det er 300m å gå frå Fana kirke til Fana Amfiscene.   

Da konserten vert heldt utandørs, vil det vere eit atterhald om godt vêr.

Følg med på arrangementet for eventuell avlysing.  

Vel møtt til sommerkonsert 20. juni!

Billettar

Price

Quantity

Total

  • Ordinær

    0,00 kr

    Obligatorisk for å kontrollere antall publikummarar og for kontaktinfo ved eventuell smittesporing. Eventuell frivillig donasjon kan gis på VIPPS #58255.

    0,00 kr

    0

    0,00 kr

Total

0,00 kr

Del denne eventen

bottom of page