Volve Vokal er eit vokalensemble som held til i Bergen. Dirigent er Gro Espedal.
Ensemblet har som mål å vere nyskapande på høgt kunstnarleg nivå. Repertoaret er variert men med ny, norsk vokalmusikk som satsingsområde. Ein viktig visjon for ensemblet er å arbeide med å gjere samtidsmusikken meir tilgjengeleg, då særskild gjennom å nytte ulike kunstuttrykk i musikkformidlinga, og å gje tilskodarane heilskaplege konsertopplevingar.
I tillegg til å halde eigne konsertar tek Volve Vokal gjerne i mot oppdrag. Skulle du/de vere interessert i å leige oss til eit arrangement er det berre å ta kontakt! Les meir her.